Behandlingsmetodar:

Lasik

Lasik er forkortelse for Laser In-situ Keratomileusis som betyr å fjerne vev inne i hornhinna for å endre hornhinnas lysbrytning. Fyrst vert eit tynt hengsla lok av hornhinna tatt til side ved hjelp av eit mikrokirurgisk presisjonsinstrument (ein keratom). Så utførast sjølve laserbehandlinga slik at hornhinna får den form ein ynskjer for å gi best mogleg syn. Deretter legg ein hornhinneloket tilbake over det behandla området. Loket festar seg i løpet av kort tid.
Fordi laserbehandlinga foregår inne i hornhinna og fordi hornhinna er dekt av slimhud med ein gang etter operasjonen gjev lasikmetoden desse fordelane:
– Raskare normalisering av synet.
– Mindre smerte etter operasjonen.
– Begge augene kan behandlast same dag.
– Moglegheit for å behandle meir uttalt nærsyntheit og astigmatisme.

Lasek

Lasek er forkortelse for Laser Assisted Subepitelial Keratomileusis. Ved denne metoden løyser ein eit hengsla lok av slimhud fra hornhinna si overflate og brettar den til side før lasaren formar hornhinnas overflate ved å fjerne vev fra det øverste bindevevslaget i hornhinna. Deretter legg ein loket av slimhud tilbake over det behandla området og det festar seg som eit levande plaster. Lasek kan sjåast på som ein mellomting mellom PRK og Lasik, dog nærmare PRK når det gjeld behandlingsmoglegheiter og begrensningar.

PRK

PRK er forkortelse for Photo Refraktive Keratectomi som betyr å fjerne vev fra hornhinnas overflate ved laserlys for så å endre lysbrytninga. Dette er den eldste metoden og best eigna for dei mindre refraksjonsfeil. Man fjernar fyrst slimhinna på hornhinnas overflate og laserbehandlar så i det ytterste laget av hornhinnas bindevev. Berre ein liten andel av vevet vert fjerna. Slimhuda gror over hornhinnas overflate igjen i løpet av ein til tre dagar. Før såret er grodd opplever pasienten smerte som ved framandlegeme på auget.

Zyoptix

Tradisjonell laserbehandling er basert på ein empirisk formel som reknar ut kor mykje hornhinnevev som må fjernast for ein gitt brillestyrke. Ein heilt ny måte å tenke refraksjonsfeil på såg dagens lys når Bausch & Lomb lanserte Zyoptix™. Dette systemet består av:

  1. Ein undersøkingsstasjon der hornhinne topografen Orbscan IIz er integrert med eit abberometer som heiter Zywave. Synsfeilen blir her registrert som eit avvik fra ein ideell wavefront. Dette avviksmønsteret er heilt unikt for ditt auge. Denne informasjonen blir så analysert og bearbeida i
  2. behandlingsplattformen som heiter Treatment planner. Tilslutt eksporterast dette som ei behandlingsfil til vår..
  3. Excimerlaser, Technolas 217z100. Denne Excimerlaseren er levert av Technolas. Den brukar kaldt ultrafiolett lys til å omdanne hornhinnas overflate i iht. utarbeida behandlingsfil.

Dette utstyret gjev oss moglegheita til å behandle ikkje berre vanleg brillestyrke dvs. nærsyntheit, langsyntheit og skeive hornhinner, men og små avvik i det optiske systemet. Det som kallast høgare-grads abberasjoner. Abberasjoner finnast i varierande grad i alle auger og gjev opphav til synsfenomen som stråling, halos og spøkelseskonturer. Desse er mest merkbar i skumrings lys og mørke når den naturlege pupillen utvidast for å sleppe inn meir lys. Tradisjonell laserbehandling introduserer ein del abberasjoner. Zyoptix som system tar sikte på å redusere dei same abberasjonar. Ved å tilstrebe dette ivaretar ein nattsynet på ein betre måte. Fleire kliniske studier har vist ein klar forbedra kontrastfølsomheit etter Zyoptix. Dette støttast av våre eigne data som også viser klart forbeda nøyaktigheit ved bruk av dette systemet.

Behandlingsprofilen benytta ved Zyoptix krev ca. 20% mindre hornhinnevev enn tradisjonell laserbehandling (Planoscan sw) noko som igjen gjev ein større sikkerhetsmargin for deg som pasient og vi som operatører.

Ettersom kvart auge er unikt gjev Zyoptix ein ”skreddersydd” behandling som tar i bruk det siste innan ”flying spot” teknologi, ”mulidirectional eyetracking”, regnbuehinne gjenkjennelsessystemet (Iris recognition) og cylotorisk kompensasjon (Registration). Med dette har det teknologiske spranget Zyoptix representerer satt pasientens sikkerhet i absolutt fokus.

Hjå augekirurg Trond Thilesen blir meir enn 90% av dei nærsynte og 100% av dei langsynte behandla med denne teknikk. Hjå eit fåtall pasientar anbefalast fortsatt tradisjonell laserbehandling – dette av forskjellige grunnar som vert klarlagt på forundersøkelsesdagen. Du skal føle deg trygg i at vår intensjon er å anbefale det lasersystemet som vi meiner vil gje deg eit best mogleg syn.

Sjølve Zyoptix operasjon forløper som for ein vanleg LASIK operasjon med minimal smerte/ubehag. Synsrehabilitering skjer raskt. Du skal kunne forvente å gjenoppta ditt vanlege virke alt neste dag.

Avhengig av refraksjonsfeil ligg vår etterjusteringsfrekvens på mellom 2-5%. Erfaringane med etterjustering er gode. Årsaken til at resultata kan variere noko har ikkje med laserens nøyaktighet å gjere, men at sårtilhelninga hjå menneska er individuell.

Er du langsynt så skal du vere oppmerksom på at dei fleste pasientane opplever varierande grad av nærsynthet umiddelbart etter operasjonen og at det kan ta opp til 6 måneder før refraksjonsstabilitet er oppnådd. Dette kan innebere at man må ty til ei minusbrille den fyrste tida etter operasjon. Dette vil i så fall vere heilt normalt.

RLE

RLE står for refractive lens exchange, og er ei behandlingsform som passar best for dei som har utvikla alderslangsyn – eller presbyopi. Her blir den naturlege linsa nne i auget bytta ut med ei kunstig linse – akkurat som ved grå stær-kirurgi. Med moderne instrument vert operasjonen utført gjennom eit snitt på 1.8 mm. Den naturlige linsa blir delt opp med ultralyd og fjernast. Ei ny kunstig linse injiserast gjennom det same snittet. Det mikroskopiske snittet vert tett lukka umiddelbart etter operasjonen utan større påvirkning av hornhinna.

Operasjonen er smertefri og krev kun lokalbedøving i form av augedropar. Du vil måtte bruke augedropar dei fyrste vekene etter operasjon. Vi vil gjerne ha deg inn til etterkotroll etter 1 dag, 1 veke og 1 månad. Dette for at vi vil vere sikre på at alt fungerar som det skal.

Vi nyttar Lentis multifokale linser, ei av dei ledande linsene i markedet på linseimplantat. Ei multifokal linse er designa slik at du ser godt på både nær og lang avstand. Dei fleste kan utan problem sjå på tv, køyre bil og lese SMS utan briller etter å ha fått multifokale linser.  Oppbygginga av linsa kan gjere til at du den fyrste tida vil oppleve ringar rundt lyskilder, men  dette er forbigåande. Kva type operasjon og val av linse til deg gjer  vi etter at du har vore inn til forundersøking.

Grå stær

Grå stær kirurgi er det inngrepet det vert utført flest av i verda idag, og ein har samla seg lang erfaring med denne typen kirurgi. Når eit menneske vert eldre vert den naturlege linsa inne i auget sakte men sikkert grå  og ugjennomsiktig, og ein klarar ikkje sjå klart ved hjelp av vanlege briller. For å få godt syn då lyt ein skifte ut den naturlege linsa med ei kunstig linse som vert tilpassa kvar enkelt sitt syn. Kirurgen lagar eit snitt på 1.8 mm, den naturlege linsa vert delt opp med ultralyd, blir fjerna og ei ny linse vert injisert inn i det same snittet. Snittet vert tett lukka umiddelbart etter operasjonen, utan større påvirkning av hornhinna. Pasienten vil ikkje kjenne noko smerte og det krevst berre lokalbedøving i form av augedropar.  Du vil måtte bruke augedropar dei fyrste vekene etter operasjonen. Vi vil gjerne ha deg inn til etterkontroll for å sjå at alt er i orden etter 1 dag, 1 veke og 1 månad.  Ytterlegare kontrollar avtalar vi ved behov.

Ved grå stær- kirurgi nyttar vi ei monofokal klar linse som gjev klart syn, men denne linsa korrigerar ikkje styrke. Det vil derfor vere behov for briller etterpå, og desse kan du få tilpassa hos din vanlege optiker. Det er mogleg å setje inn linser som korrigerar styrken, ein kan då velge enten monofokale eller multifokale linser. Desse linsene vil redusere evt ta vekk behovet for briller etter operasjon.  Dette vil du få tilbod om på forundersøkinga.

 

Klikk her for å tipse en venn om denne sida.