Før inngrepet, praktisk informasjon for laserpasientar

Augelokshygiene

Ver venleg å utføre fylgjande vaskeprosedyre morgon og kveld tre dagar før planlagd LASIK kirurgi:

  • Finn fram to bomullsdottar, ein til kvart auge, og fukt dei med varmt vatn, ha ein dråpe mild såpe, gjerne babyshampo på kvar bomullsdott. La såpa skumme ved å klemme på bomullsdotten.
  • Tørk så (øvre og nedre) augelok med bomullsdottane frå nasesida og ut mot tinningen for å fjerne smuss frå augelokshår, tørr hud osv. Gjenta fleire gongar. Ikkje overdriv slik at huda vert raud og irritert.
  • Skyll deretter ansiktet/augeloka med rikelig med lunka vatn.
  • Ver venleg å  avstå frå bruk av augesminke samt feite ansikts/augekremar i minst 2 dagar før operasjonen.
  • Før laserkirurgi skal du ta C-vitamintablett(er), 1000 mg, kvar dag siste veka før operasjonen. Ved PRK eller Lasek også 2-4 veker etter kirurgi. Du er meir utsett for ultrafiolett lys i perioden etter laserkirurgi og dette beskyttar augene mot ultrafiolett lys (UV-strålar).
  • Det er kjølig på laserrommet (ca 21 °C) – ha på varme klede. Det er viktig at desse ikkje loar.
  • Ver venleg å ikkje bruke parfyme eller liknande på operasjonsdagen. 
  • Kutt kontaktlinsebruk 3-7 dagar før. Dette er individuelt så spør oss om kva som gjeld i ditt tilfelle.

OBS!

Om betaling for kirurgisk behandling:

All kirurgi som utførast på klinikken skal vere betalt ved operasjonstidspunktet. I praksis vil dette seie at ein betalar i banken eller nettbanken på førehand eller med kontantar når ein kjem til kirurgi. Ved betaling med giro skal vi kunne sjå på vår nettbank at pengane er registrert inn på konto, alternativt tek ein med seg ei kvittering frå bank for betalt oppdrag hit til oss på operasjonsdagen.

Kontaktlinser

Brukar du kontaktlinser må du slutte med desse nokre dagar før du møter til forundersøking. Kontaktlinseforbudet gjeld i samme tidsrom foran planlagd operasjon. Ta kontakt med oss vedrørande dette.

Gravid eller ammar?

Gje oss beskjed!

Parfyme/etterbarberingsvatn

PARFYME / ETTERBARBERINGSVATN ELLER ALKOHOLHOLDIG DEODORANT MÅ DU IKKJE BRUKE OPERASJONSDAGEN.

Klikk her for å tipse en venn om denne sida.

Tips en venn

805
Skjul tips en venn.