Etter laseroperasjonen

Hold deg i ro heime resten av dagen, gjerne sittande i ein god stol. Ver venleg å ikkje legge deg for å sove før ut på kvelden.
Kort tid etter operasjon kan det kjennast som om du har eit rusk i auge. Dette kan medføre at tårene renn. Det pleier å hjelpe om du let att augene litt. Prøv å unngå kniping av augeloka dei fyrste dagane.  DU MÅ IKKJE GNI DEG I AUGE. Behold augeskjoldet på til neste morgon og deretter ”sovebrilla” om nettene i 2-4 veker. Dette for å forhindre at du gnir  deg i auge når du søv. Augedropane skal brukast frå fyrste dag. Vask hendene før du brukar dråpeflaska. Legg deg ned og trekk ned nedre augelok. Drypp ein dråpe i auge og lukk så augeloka forsiktig igjen i eitt minutt. Unngå kontakt mellom flaska og augelokskanten.

Prøv å unnga dei mest støvete og røykfylte lokala i ca. Ein månad.

Bruk vernebriller i 6 veker når du spelar fotball, hockey, tennis , squash el. I same tidsrom unngå situasjonar der ein kan berekne fall som f.eks. slalom  og snowboardkøyring.  Annan idrett som eks. aerobics / løp  kan ein begynne med når auge kjennast komfortabelt.

Husk å bruk kunstig tårevæske – dette for å unngå plagar med tørre auge etter laserbehandlinga.

Klikk her for å tipse en venn om denne sida.

Tips en venn

259
Skjul tips en venn.