Dei vanlegaste spørsmåla

Er det smertefullt?

Dei aller fleste pasientane som har blitt behandla ved LASIK og RLE, seier etterpå at dei synast eit tannlegebesøk er værre.

Kan eg køyre bil sjølv etter behandlinga?

Nei, få nokon til å hente deg.

Kor mange kontrollar må eg på etterpå og kor lang tid tek dei?

Ein må på kontroll dagen etter ei behandling, etter ei veke, ein månad og tre måneder. I nokre tilfelle vil vi og sjå på deg etter et halvt år. Er det ynskjeleg, tek vi ein ettårskontroll og. Kvar kontroll tek omtrent eit kvarter.

Kor lang ventetid er det på å få time til forundersøkinga

Ventetida vil som regel ligge  på  ei-to veker.

Kva slags garanti stiller ein?

Det kan aldri gjevast nokon garanti før ei behandling. Dette gjeld all type kirurgi, ikkje berre hjå oss. Det vi gjer for å hindre at det kjem nokon overraskelsar etterpå, er at vi gjennomfører ein grundig forundersøking for å sjå at alt ser bra ut i heile auget. Finn vi noko som helst som tilseier at ei behandling ikkje er tilrådeleg, går vi ikkje vidare til ei behandling med deg.

Vi har 5 års trygghetsgaranti som inkluderer all vidare oppfølging.

Kor lang tid tar forundersøkelsen?

Forundersøkelsen tar som regel 60-75 min.

Kan eg køyre bil sjølv etter forundersøkinga?

På forundersøkinga er vi nødt til å dryppe augene med dropar som gjer at pupillane utvidar seg. Då ser ein veldig tåkete etterpå og bilkøyring er ikkje å anbefale. Dropane vil komme til å ha effekt nokre timar etter undersøkelsen. Ein  vil vere lyssky etterpå, ta gjerne med eit par solbriller som kan benyttast etter forundersøkinga. Dei fleste vil kunne køyre bil heim sjølv etter eit par timar. Vi ligg omtrent 100 meters gange fra busstasjonen. Skal du ta fly ligg vi 10 min køyretid frå flyplassen.

Kva kostar det å bli kvitt brilla?

Sjå sida for prisar i menyen.

Kor lenge må eg vere på klinikken på behandlingsdagen?

Regn med å vere hjå oss i 1,5-2 timar operasjonsdagen.

Kor lang tid må det gå etter forundersøkelsen før eg kan opererast?

-Laser Før ei laserbehandling må ein gjennomføre ei såkalla ”augelokshygiene». Dermed bør det gå omtrent ei veke fra forundersøkelse til behandling. Men startar ein denne «augelokshygiena» før forkontroll kan det gå berre eit par dagar
-ICL Her må det bestillast linser før det kan gjerast noko meir. Litt avhengig av styrken på desse linsene, vil leveringa variere fra 2-6 veker.
-RLE Her må det og bestillast linser før ein kan gå vidare. Som regel finn behandlinga stad omtrent 2-8 veker etter forundersøkinga.

Kva skjer dersom behandlinga ikkje blir bra?

I mellom 1 og 5% av tilfella må det ei rebehandling til før ein kjem heilt i mål med prosessen. Vi er relativt liberale når det gjeld å gjere rebehandlingar, det viktigste for oss er at du som pasient blir fornøgd til slutt. Vi har 5 års trygghetsavtale som inkluderer all oppfølging.

Kan eg få tilbake noko på skatten?

Reglane er innskjerpa så det er ikkje lenger mogleg å få tilbake noko på skatten. Unntaka er om du pga yrket ditt ikkje kan bruke verken linser eller briller. Dette må du forhøyre deg med ditt NAV-kontor om.

Kor gammal må eg vere?

For ei laserbehandling bør ein ha fylt 18 år.

Kvifor bør eg velge SF Synskirurgi?

Fyrst og fremst bør du velge oss for vår lokale forankring og våre kirurgar si lange og gode erfaring innan synskirurgi. Vi kan ta deg inn på svært kort varsel dersom du treng det etter inngrepet og har døgnbemanna vakttelefon.

Vidare har vi dei mest avanserte systema tilgjengelege på verdensmarkedet. Norge er svært langt framme innan synskirurgi, og vi har valgt på øverste hylle innan utstyr.

Tar ein begge augene same dag?

Ja begge augene blir operert same dagen.

Når kan eg gå på jobb igjen?

Du kan gå på jobb som vanleg dagen etter operasjonen. Du kjem til oss på kontroll dagen etter, og du kan då køyre bil sjølv. Ved RLE anbefalar vi deg å ta ein eigenmeldingsdag fyrste dagen etter operasjonen, deretter er du klar til arbeid att.

Er det mange som ikkje kan laserbehandlast?

Ca. ein av femti kan ikkje laserbehandlast. Det betyr at denne behandlinga passar dei aller fleste.

Kva klarer laseren å behandle?

Her er det mange faktorar som spelar inn. Men ein tommelfingerregel seir at vi tar fra +5 til -10, og astigmatisme (skeive hornhinner opp til cyl -5.00). Denne regelen er ikkje uten unntak og avhengig av hornhinna og andre faktorar kan denne grensa tøyast og begrensast. Du bør med andre ord komme inn for ein sjekk dersom du er i tvil.

Kan eg sjukmeldast etterpå?

Nei. Det er ikkje nødvendig. Føler du at du vil vere heime dagen etterpå, må du ta dette som eigenmelding.

Kva slags bedøvelse får eg under behandlinga?

Du vil få vival når du kjem til klinikken slik at du slappar betre av. Sjølve operasjonen foregår under lokalbedøvelse i form av augedråpar.

Varar laserbehandlinga livet ut?

Behandlinga varer ut livet såfremt synet ditt ikkje endrar seg. Alderslangsynthet kjem uansett. Derfor vil lesebrillebehovet dukke opp med alderen. Ved bruk av monovision vil ein og kunne klare seg utan PC og lesebriller.
Ein del som er vant til å bruke briller til dagleg og lesebriller, velger å la seg laseroprerere.  På den måten har ein berre ei brille å forholde seg til. Enkelte velger operasjonen kun for å få tynnare og finare glas i brilla si.

Korleis blir nattsynet mitt etter ei laserbehandling?

Nattsynet tenderer til å bli litt bedre.

Kva skjer når eg blir rundt 45 år og blir alderslangsynt?

Då kan ein operere «monovision» blant enkelte nærsynte, i tillegg vil enkelte kunne operere inn ei pseudoakkomodativ linse vha lensectomy. Ta kontakt for meir info rundt dette.

Kan eg bruke kontaktlinser før forundersøkelsen?

Nei. Dersom du brukar mjuke linser må du gå utan desse i minimum 2 dager før forundersøkinga om du er nærsynt, i ei veke om du er langsynt og 6 veker utan hvis du har harde linser. Grunnen til dette er at når du brukar linser så vert hornhinna irritert til ein viss grad. Man kan då ikkje vere sikker på tjukkelsen av hornhinna dersom du har hatt linser i kort tid før målinga.

Kan eg bruke kontaktlinser før behandlinga?

Nei. Sjå svaret under «kan eg bruke kontaktlinser før forundersøkinga?».

Klikk her for å tipse en venn om denne sida.

Tips en venn

475
Skjul tips en venn.