Andre behandlingsmetodar

Intraocluaere kontaktlinser (ICL)

Eit alternativ til laseroperasjon av hornhinna eller å operere på augets linse er å legge inn ei tynn kunstig linse i rommet mellom regnbogehinna og augets linse. Vi kan godt kalle det å sette ei kontaktlinse inn i auget. Linsa blir liggande på ubestemt tid, men om nødvendig kan den fjernast. Denne operasjonen er reversibel. Før kontaktlinsa vert satt inn i auget må det lagast to små laserhull i augets regnbogehinne. Operasjonen passar best for pasientar med høggradig nærsyntheit og også når auget ikkje er eigna for laserbehandling av nærsyntheit.
Det er operert inn ICL i meir enn 20 000 auger i verden. Augelege Trond Thilesen er den i Norden som har størst erfaring med denne type linser.

Lensectomi (kataraktkirurgi)

Når  linsa i auget vert uklar kallar vi det katarakt (grå stær). Med eit smertefritt og raskt inngrep erstattast den uklare linsa med ei kunstig glasklar linse. Dette er i dag den vanligaste operasjon i Norge (unntatt: tannlegebehandling). Den kunstige linsa som vert satt inn i auget er selvfølgeleg tilpassa slik at pasienten ser best mogleg uten briller etter operasjonen, på denne måten er i dag ein kataraktoperasjon også ein synskorrigerande operasjon.
Dersom ein pasient søker synskorrigerande operasjon og har begynnande katarakt er det meir aktuelt å operere for katarakt enn å utføre laseroperasjon av hornhinna.
I nokre tilfelle med svært uttalt nærsyntheit kan det, for å betre synet, vere aktuelt å fjerne ei klar linse fra auget, altså å utføre ein kataraktoperasjon utan at pasienten har katarakt.

Det er fleire andre kirurgiske metoder for synskorrigering.
Tidligere var det vanleg med Radiær Keratotomi (RK). Då omforma ein hornhinnas overflate ved å legge djupe snitt fra like utanfor sentrum og ut mot kanten i hornhinnas bindevev. Metoden blei mest brukt i behandling av nærsyntheit, men også mot astigmatisme. Ved sistnevnte vart det lagt avlastande snitt for å rette ut ei hornhinne si skeivhet – denne teknikk kallast Astigmatic keratectomi (AK) og kan vere aktuelt hos ein del utvalgte pasientar.
Ein annan måte å forme hornhinnas overflate på er å lage to små halvmåneforma kanaler i
hornhinnas bindevev og å legge inn små halve ringar i kanalane. Ringane blir liggande utanfor den delen av hornhinna ein ser igjennom. Ved hjelp av ringane blir hornhinna meir avflata som igjen gjer at ein blir mindre nærsynt. Fordelen med inngrepet er at det langt på veg er reversibelt, ulempen er at det er mindre forutsigbart og gjev nokså grove endringar i korreksjon. Vi utfører ikkje dette inngrepet.

Generelt

Det er brytning av lyset i hornhinne og linse som til saman gjev det skarpe synet, eller mangel av dette hvis du har ein synsfeil. Synskorrigering med laser utførast berre på hornhinna. Av og til vil det vere eit godt alternativ å operere på linsa i auget (Lensektomi som utførast på same måte som kataraktkirurgi), alternativt å implantere ei kunstig linse som kjem i tillegg til di eiga linse (ICL – Implantable Contact Lens)

Klikk her for å tipse en venn om denne sida.

Tips en venn

189
Skjul tips en venn.