Dei vanlegaste spørsmål til RLE/kataraktkirurgi

Om grå stær

Når lyset treff auget går det fyrst gjennom augets hornhinne, deretter gjennom pupillen og linsa før det når synssansecellene i netthinna.  For å sjå godt er det ein forutsetning at både hornhinna og linsa er glassklare.  Grå stær er at linsa i auget blir uklar. Ved RLE kan linsa vere klar.

Kva plager får ein av grå stær?

Grå stær gjer nedsatt syn.  Synsreduksjonen merkar ein gjerne på sviktande skarpsyn, men det kan også vere endringar i fargesyn, lysømfintlighet eller endringar i brillestyrke.  Typiske plager som grå stær-pasientane fortel om:
Skyggefølelsar, oppleving av å sjå dårligare.
Vanskeleg å lese.
Blendingsplager av skapt lys (som sollys eller møtande billykter i mørket).
Vanskeleg å kjenne igjen folk på avstand.
Grå stær gjer ikkje smerte, svie eller ruskfølelse.

Kva skjer operasjonsdagen?

Et frokost, ta eventuelle medisiner (også augedropar) som du brukar slik du pleier og lev ellers som vanleg. Når du kjem til klinikken gjer vi deg tilbud om å ta ein beroligande tablett Vival i tillegg til augedropar som forbereder auget til operasjonen, desse dropane treng tid for å oppnå god virkning. Oppholdet ved klinikken vil vanlegvis vare halvannen til to timar.
Under operasjonen ligg du flatt på ryggen i ein tannlegestol, du ser opp i eit kraftig lys som er fra mikroskopet.  Inngrepet skjer i dråpebedøvelse, altså ingen sprøyter. Du kjenner at vi berører huda omkring auget, men vanlegvis opplever ikkje pasientane smerter under eller etter inngrepet.  Den uklare linsa (grå stæren) oppløysast inne i auget ved hjelp av ultralydenergi.  Femten minutter etter avslutta inngrep kan du forlate klinikken.  Du ser vanlegvis rimeleg godt på det opererte auget allereie operasjonsdagen.
Fra og med 2 dagar før operasjonsdagen og i 4 veker etter, skal du bruke augedropar i det opererte auget for å forhindre infeksjon. Dersom du brukar anna augemedisin skal du fortsette å  bruke denne medisinen og dei nye dråpane i tillegg.  Total dryppetid er normalt 4 veker.  Hensikta med dråpane etter operasjonen er for det fyrste å dempe vevsreaksjonen i auget etter operasjonen, for det andre å beskytte deg mot ein bakterieinfeksjon i eit nyoperert auge.

Operasjonsdagen eller dagen etter var lyset og det eg såg på rødt, kva er dette?

Det kraftige lyset fra operasjonsmikroskopet påvirkar sansecellene i auget og dannar «etterbilder» i form av fargeendringar (gjerne raudlige).  Dette er ufarleg, kan vare opp til nokre timar og går over av seg sjølv. 10-30 % av dei som opererast får dette.

Eg har ruskefølelse etter operasjonen, kvifor det?

I operasjonssåret kan det bli ein liten flik/ujevnhet i sårkanten. Når ein blunkar over denne vil det kjennast som eit rusk.  Vanlegvis er denne følelsen vekk i løpet av eit par dagar.
Det kan også forbigåande vere noko sårhet i augeloka etter operasjonen.

Bruk gjerne vanlege reseptfrie dråpar med tårevæske som f.eks HyloComod. Dette reduserer evt ruskfølelse.

Er det spesielle «levereglar» etter operasjonen?

Nei, du kan leve heilt vanleg. Du kan sjå så mykje du vil, og på kva du vil.    Du kan dusje og vaske håret, om det renn sjampo og såpevatn ned over det opererte auget gjer det ingen ting.  Du kan vaske forsiktig med klut, vatn og evt. såpe over augeloka på det opererte auget, berre ikkje gni deg i sjølve auget. Unngå svømmebasseng fyrste vekene etter operasjonen, og unngå å få støt mot auget, spesielt fyrste månaden.  Fra tidligare er det mange som trur at ein ikkje kan bøye seg etter ein grå stær-operasjon, dette er ikkje riktig, du kan bøye deg så mykje du vil men unngå dei tøffast fysiske treningane fyrste veka.
Tilfredsstiller du syns- og øvrige helsekrav til bilkjøring må du gjerne køyre bil.

Treng eg nye briller?

Dersom ein gjennomfører RLE vil ein sleppe briller på avstand og nært på grunn av spesiell optikk i linsene. Ved vanlege grå stær linser vil ein vanlegvis trenge lesebriller, enkelte vil og trenge avstandsbriller. Dette avheng av hornhinneskeivhet etc. Dersom ein velger monovision eller meir skreddersydde linser vil ein kunne sleppe dette.

Må eg på kontroll etter operasjonen?

Vanlegvis skal auget kontrollerast  etter  ei veke og 1-3 mnd. Vi har 5 års trygghetsavtale som inkluderer alle kontrollar du ynskjer.

Kva er etterstær?

Kapselen (skalet) fra den uklare linsa fjernast ikkje ved operasjonen, denne kapselen dannar støtta for den nye linsa som vert satt inn i auget. Hvis det gror mykje arrvev på linsekapselen blir synet uklart.  Dette kallast etterstær og behandlast smertefritt med laserlys utan kostnad.
Omtrent 50-60% av pasientane får etterstær innan 3 år etter operasjonen. Yngre er mest utsatt.

Er operasjonen risikofri?

Nei, alle operasjonar medfører ein risiko, men for ein grå stær-operasjon er risikoen svært lav.  For alvorlige komplikasjonar (Bakterieinfeksjoner i auget etter operasjonen, eller blødningar i auget under operasjonen) er risikoen mindre enn 1/2500.  Bakterieinfeksjon vil merkast ved at synet raskt blir dårligare, ein får smerter og auget blir kraftig rødt – kontakt oss eller annan lege/augelege snarast.
For mindre alvorlege komplikasjonar er risikoen 2-3%.  Av pasientane som har opplevd ein komplikasjon, er det likevel mange som får eit fullgodt syn på auget.

Klikk her for å tipse en venn om denne sida.

Tips en venn

336
Skjul tips en venn.