Før inngrepet, praktisk informasjon for RLE-pasientar
Før RLE-operasjonen:
Ver ekstra flink med hygiene og augevask dagane før operasjon. Ver ekstra flink med å vaske augelok utvendig morgon og kveld minimum 3 dagar før operasjonen. Møt til operasjon nydusja og i reine klede. Du skal dryppe med augedropar 2 dagar før og 4 veker etter operasjonen, dette får du nærare informasjon om på forundersøkinga. Kutt kontaktlinsebruk minimum 2 dagar før kirurgi.
Operasjonsdagen:
Møt opp til oppsett tid. Det fyrste som skjer når du kjem til oss er at du får tilbod om ein beroligande tablett, du får augedropar i augene og ei runde med informasjon om operasjonen. Augedropane må få tid til å virke, så det går litt tid frå du kjem til du sit i operasjonsstolen. Sjølve operasjonen tek omlag 10-15 minutt på kvart auge, og den er smertefri. Det einaste som kan vere litt ubehageleg er operasjonslyset som du skal sjå inn i, men dette ven du deg til.