Etter laseroperasjonen
Hold deg i ro heime resten av dagen, gjerne sittande i ein god stol. Ver venleg å ikkje legge deg for å sove før ut på kvelden.
Kort tid etter operasjon kan det kjennast som om du har eit rusk i auge. Dette kan medføre at tårene renn. Det pleier å hjelpe om du let att augene litt. Prøv å unngå kniping av augeloka dei fyrste dagane. DU MÅ IKKJE GNI DEG I AUGE. Behold augeskjoldet på til neste morgon og deretter ”sovebrilla” om nettene i 2-4 veker. Dette for å forhindre at du gnir deg i auge når du søv. Augedropane skal brukast frå fyrste dag. Vask hendene før du brukar dråpeflaska. Legg deg ned og trekk ned nedre augelok. Drypp ein dråpe i auge og lukk så augeloka forsiktig igjen i eitt minutt. Unngå kontakt mellom flaska og augelokskanten. Du skal og dryppe deg med Spersadex med kloramfenikol for å unngå innfeksjon. Ver flink å bruke solbriller ute i skarpt dagslys dei fyrste vekene.
Dei fyrste 4-5 timane etter operasjonen er det viktig å ha att augene mest mogleg, men gjerne blink ein gang i kvarteret og drypp med kunstig tårevæske ein gang i timen operasjonsdagen. Dei påfølgande dagane drypper du etter behov men minimum 4 ganger per dag. Fortsett så lenge du føler tørrhet/ ruskfølelse. Husk at synet vert uklart om ein vert tørr.
Dusj og vask på vanleg måte men lat att augene og la vatn renne over, tørk med heilt rein klut på augene når du er ferdig.
Prøv å unnga dei mest støvete og røykfylte lokala dei fyrste vekene.
Bruk vernebriller i 6 veker når du spelar fotball, hockey, tennis , squash el. I same tidsrom unngå situasjonar der ein kan berekne fall som f.eks. slalom og snowboardkøyring. Annan idrett som eks. aerobics / løp kan ein begynne med når auge kjennast komfortabelt.
Husk å bruk kunstig tårevæske etter behov – dette for å unngå plagar med tørre auge etter laserbehandlinga.