Refraktiv laserkirurgi

Kva teknikk er så best – LASIK/ FS-LASIK eller PRK/LASEK?

For små brytningsfeil er resultata som oppnåast ved dei to teknikkane likeverdige men synsrehabiliteringa skjer raskare hjå dei som er behandla med LASIK/ FS-LASIK. Dei pasientane som har vore operert med PRK på eit auge og med LASIK på det andre pleier stort sett foretrekke LASIK.  Ved store brytningsfeil er LASIK betre enn PRK, dette begrunna i klart større synsstabilitet og mindre risiko for refleksar og blendingsplager. LASEK som teknikk er relativt ny slik at resultata ved behandling av større brytningsfeil fortsatt er noko usikre.  Vi vil anbefale deg den metoden vi meiner egnar seg for deg og dine auge  – dette vert avgjort ved forundersøkelsen.

Er behandlinga varig?

Hjå mange forandrar lysbrytninga i hornhinna seg naturleg over tid – dette gjeld også for dei som har vore igjennom refraktiv kirurgi. Dei fleste vil vere stabil i lang tid etterpå. Ved graviditet og hormonelle endringar kan det oppstå endring i styrken som ein kanskje må rebehandle.

Kor ofte må eg kontrollerast?

Du blir kontrollert etter ca. 1 veke og etter 3 månader. Oppfølging avtalast individuelt

Kva kan behandlast?

Nærsyntheit (myopi) , langsyntheit (hypermetropi) , skeive hornhinner (astigmatisme).

Kva gjer kirurgen?

PRK: Her skrapar vi av det ytterste laget av hornhinna (corneaepitlelet). Deretter brukast ein Eximerlaser til å endre hornhinnas overflate og dermed brytningsevnen. Ved avslutning legg vi på ei bandasje-kontaktlinse som skal ligge i 5-7 dager mens såret gror.

LASIK/ FS-LASIK: Her brukast eit kirurgisk presisjonsinstrument som kallast eit mikrokeratom eller femtosecond laser til å løsne eit tynt hengsla lok i hornhinna. Loket legg ein så til side og den same laseren som brukast til PRK brukast også her til å endre hornhinnas brytningsevne. Når sjølve laserbehandlinga er fullført lukkar ein såret ved å legge hornhinneloket tilbake igjen. I løpet av kort tid sug loket fast.
Kor mykje hornhinnevev som skal fjernast kalkulerast ut fra din brytningsfeil – jo større denne er, jo meir hornhinnevev vil måtte fjernast. Hornhinnenetjukkelse og pupillestørrelsen er avgjerande
for kor stor brytningsfeil som kan behandlast med desse 2 teknikkane. Vi legg inn ein god sikkerhetsmargin for å kunne unngå ein utilsikta fortynning av hornhinna.
Sjølve laserbehandlinga er den same i dei to anvendte teknikkar, men ved LASIK byrjar behandlinga i eit djupare nivå i hornhinna. Ettersom hornhinnas ytterste lag (epithelet) er uskadd unngår du ved LASIK den smerten som er vanleg dei fyrste 2-3 dagar hos PRK pasientar.  Med LASIK kan vi behandle større brytningsfeil med større treffsikkerheit enn ved PRK. Synsrehabiliteringa skjer raskare.

Gjer det vondt?

PRK: Dei fleste merkar ingen eller lite ubehag under sjølve behandlinga. Etter operasjon må ein regne med smerte dei fyrste 1-2 døgn. Dette svarar til den tid det tar for det ytterste laget av hornhinna å gro.

LASIK: Dei fleste pasientar vil merke eit trykk i og rundt auget når ein lagar det tynne hengsla lokket. Dette skuldast at ein ring må sugast fast til auget.  Pga. suget vil synet i denne tida vere heilt eller delvis vekk. Det same suget kan forårsake små blødningar i augets slimhinne, noko som er ufarleg og forsvinn av seg sjølv i løpet av 1-2 veker.  Det heile tek vanlegvis ikkje meir enn 1 minutt.
Etter operasjonen har mange litt rusk-kjensle i auget. Dette er noko som  vanlegvis går over i løpet av 12 – 24 timar. Nokre få har forbigåande smerter.

LASEK: Med denne teknikk får ein mindre vondt enn ved PRK. Det kan vere noko meir smerte den andre dagen etter operasjonen.
PRK og LASEK pasientane vil få med vanleg smertestillande tablettar samt ein sovetablett operasjonsdagen.

Kor lang tid tek behandlinga?

Vanlegvis tek sjølve laserbehandlinga 5-20 sekund. Du blir liggande på ryggen i ca 10-15 minutter. Ei lita sperre held augeloka opne. Du er våken under heile inngrepet.

Ser ein klart med ein gang?

Dette varierer frå person til person. Dei fleste vil oppleve noko tåkesyn dei fyrste timane eller dagane etter operasjonen. Det kan ta fleire månedar før synet er helt stabilt og klart. Synsrehabiliteringen skjer raskare etter LASIK/ FS-LASIK enn etter PRK.

Kan det oppstå komplikasjonar?

Refraktiv kirurgi er som all annen kirurgi , ikkje komplikasjonsfri  – likevel er risikoen svært lav.
Den peroperative risikoen er noko høgare for LASIK enn for PRK – dette skuldast at LASIK er ein  teknisk meir krevande teknikk.
Vår klinikk følger internationale behandlingskriterier som ivaretek tryggleiken din best mogleg.  Imidlertid er ingen behandling risikofri og ein forhåndsgaranti på et perfekt resultat ved ein operasjon kan ingen kirurg gje deg, dette må du som pasient akseptere. Som dine legar vil vi selvfølgelig gjere vårt ytterste for å oppnå eit perfekt resultat for deg.

Det viktigaste er å unngå potensielle medisinske eller andre problem før dei dukkar opp.  Dette forheld vi oss til ved forundersøkinga, og som pasient må du være forberedt på å kunne bli avvist til refraktiv laserkirurgi. Du vil alltid få ei begrunning for avvisning, og vi vil då søkje å finne andre alternativ for deg. Skulle ein komplikasjon likevel oppstå under eller etter behandling skal du føle deg trygg på at vi har lang erfaring innan hornhinnekirurgi. I sitt virke på Rikshospitalet har Dr. Thilesen vurdert og behandla komplikasjonar som har blitt henvist til han frå private laserklinikkar.
Mekanisk feil ved bruk av mikrokeratom er ekstremt skjeldent – keratomet testast alltid umiddelbart før operasjon for å sjekke at alt er i funksjonsdyktig stand.

Kan eg sleppe å bruke briller?

Vårt mål er å gjere deg uavhengig av briller. I kva grad vi lukkast vil vere avhengig av brillestyrken på førehand samt di subjektive synsoppleving.

Kan ein reise heim straks etter behandlinga?

Du kan reise heim ca. 30-60min etter inngrepet.

Kor ofte må eg dryppe meg etter operasjonen?

Våre rutiner er å bruke augedropar nedtrappande frå 4 gongar dagleg. Dette for å hindre infeksjon og å dempe vevsreaksjon i hornhinna, samt å gje smertelindring. I tillegg anbefalalar vi bruk av kunstig tårevæske 4 gongar dagleg i opptil eit halvt års tid etter operasjon. Fyrste veka anbefalast det å bruke tårevæske oftare.

Må eg bruke lesebriller?

Har du allereie lesebrille/bifokal eller progressiv brille vil du fortsatt trenge ei lesebrille.
Yngre pasientar vil måtte skaffe seg lesebrille som vanleg i 45-50 års alderen.
Det er mange nærsynte som klarar seg utan lesebrille sjølv i høg alder – denne evna vil ein tape ved å tilstrebe brille-uavhengighet på avstand. Et alternativ for denne gruppa pasienter er å tilsikte ei viss grad av nærsynthet også etter operasjonen. Nokre få pasientar kan eigne seg for det som kalles «Monovision» – dvs. å bli normaltsynt på det eine auge og lett nærsynt på det andre. Dette gjev pasienten eitt avstandsauge og eitt lesauge.

Kan ein opererast på nytt med laseren om det ikkje lukkast heilt fyrste gong?

Teknikken i dag tillet reoperasjon  fleire gongar. Risikoen vil vere omtrent som ved behandling fyrste gong. Ved LASIK kan loket løftast av og leggast på plass igjen uten større vanskar i fleire år etter operasjonen. Tilleggs-laserbehandling er dermed teknisk relativt lett å utføre.

Vanlegvis kan du gå på jobb dagen etter operasjonen.  .

Er det noko eg må vere forsiktig med?

Det er meget viktig at du er nøye med håndhygiena etter operasjonen. Augedropar må brukast som avtalt. Du skal bruke skjold  om natta i 1-2 veker etter operasjonen.
Det er viktig å unngå situasjonar der auget kan utsettjast for skader/støt.

Får eg dekka noko av kostnaden?

Beklager, nei.

Får eg refundert utgiftene til evt. nye briller?

Nei – denne utgifta må du dekke sjølv.

Er det plager som eg bør vere merksam på?

Nokre pasientar kan ha ein del plagar med reflekr/lysbrytning rundt lyskilder osv. Vi kallar dette ” glare ” / ”halo” fenomen og det skuldast lysbrytningar i overgangen mellom kanten av laserbehandla og ubehandla hornhinne. Fenomenet er mest uttalt i mørke når pupillane er relativt store. Risikoen for å bli plaga er derfor størst om ein i utgangspunktet har store pupiller og/eller i dei tilfell kor ein har måtta bruke ei relativt lita behandlingsone. For nokon kan dette vere plagsomt i forbindelse med bilkøyring i mørke. Andre pasientar rapporterer dobbeltkonturer /”spøkelsebilder” etter laserbehandling. Det er også rapportert om auka behov for innandørsbelysning samt lenger mørketilpasningstid. Desse plagene avtek nesten alltid med tida.
Det er videre rapportert at pasientar som har fått laserbehandling for refraksjonsfeil kan bli plaga med tørre auge. Vi anbefalar av den grunn at ein bruker kunstig tårevæske i opptil 6 månader etter laserbehandlinga, dei fleste merkar dette i 1-3 mnd. Kunstig tårevæske kjøper du reseptfritt på apoteket og brukast liberalt – eks. 2-6 gongar dagleg.

Kven kan behandlast?

Vi har sett ei nedre aldersgrense på 18 år ved vår klinikk , og at brytningsfeilen ved laser- behandling skal ligge mellom +4.0 og –10.0 dioptere.  Det er inga øvre aldersgrense for denne type laser kirurgi. Ved bruk av ICL eller CLE kan ein behandle nærsythet ned mot  –25D.

Kva slags teknikk vert brukt?

Vi brukar 3 teknikkar: PRK (photorefractive keratectomy) LASIK (laser in situ keratomileusis)  LASEK (laser assisted subepithelial keratomileusis – ein blandingsvariant av PRK/LASIK ) .  PTK (photo therapeutic keratectomy) nyttast ved nokon typar hornhinne- sjukdom.
Andre teknikkar som er aktuelle ICL og CLE – sjå eigne informasjonsskriv.
Kva teknikk som anbefalast vert avgjort ved forundersøkinga og vert valgt i samråd med deg. Dei aller fleste vil komme til å bli anbefalt LASIK.

Kva type bedøving vert brukt?

Auge vert dryppa med bedøvande dråpar like før behandlinga tek til.

Kan begge augene opererast samtidig?

Ja, ein opererar i dei aller fleste tilfeller begge auger samtidig.

Klikk her for å tipse en venn om denne sida.

Tips en venn

575
Skjul tips en venn.