Intraocular Contact Lens
Kva er dette?
Dette er ei tynn linse som brukast til å rette opp brytningsfeil. Den settast inn i auget og blir liggande bak regnbuehinna men med mikroskopisk avstand til auget si ega linse. Dei fyrste operasjonar med denne eller lignande teknikk vart utført midt på 80 talet. Utviklinga innan ICL teknologi har komt langt sidan den gang og den linsa som anvendast i dag er ei «4. generasjons linse».
Kva slags materiale er linsa laga av?
Dei linsene vi brukar lagast av eit materiale som heiter collamer –eit akryl plaststoff som er bunde med collagen. I struktur er materialet ganske likt det som i dag brukast i vanlige kontaktlinser. Materialet har ikkje ført til kjente allergiske reaksjonar.
Er linsa synleg?
Linsa vil kun vere synleg ved mikroskopisk undersøkelse hjå optiker/ augelege.
Kan ein kjenne at linsa ligg i auget?
Nokre få pasientar har rapportert litt irritasjon som stort sett har vore
av forbigåande karakter. På verdsbasis er det rapportert nokre få pasientar der ein har måtte fjerne linsa p.g.a. irritasjonsplager. Sannsynligvis har aktuelle linse hatt feil størrelse i forhold til beregningar før operasjonen, eller linsa vart plassert i eit auge der dei anatomiske forhold var dårleg egna.
Kven egnar seg for denne teknikk?
Teknikken vert tilbudd fyrst og fremst dei pasientar som ikkje egnar seg for Excimer laserbehandling (PRK/LASEK eller LASIK) oftast på grunn av for stor brytningsfeil ( meir enn +6 eller mindre enn –10D ) eller på grunn av utilstrekkeleg tjukkelse på hornhinna.
Kan ICL kombineres med excimer laserbehandling?
Ja, hvis det gjenstår en brytningsfeil etter at det er satt inn ein ICL kan denne eventuelt korrigerast med Excimer laser. Vi anbefalar at ein då ventar 1-2 månedar før neste operasjon.
Kor lang tid tar operasjonen?
Operasjonen tar ca 15 minutter. Du ligg på ryggen og ser opp mot operasjonslyset. Auget bedøvast med dråpar. Det vert laga eit lite snitt i overgang mellom hornhinna, operasjonen er smertefri. Dei aller fleste opplyser at det mest sjenerande ved sjølve operasjonen er det relativt sterke operasjonslyset.
Komplikasjonar?
Infeksjonsfare er alltid tilstade når ein opererer inne i eit auge – denne er svært liten .
Akutt grønn stær var noko ein opplevde før det var rutine for å lage små hol gjennom regnbuehinna som tillater augets indre væske (kammervatn) å sirkulere normalt sjølv om pupillen skulle blokkerast av ein framover forskyvning av ICLen. Dei siste ICL for nærsynte har i tillegg perforeringar så ein slepp å lage hol i regnbuehinna. Dermed er risikoen for dette svært liten.
Grå stær (katarakt) – utvikling har vore rapportert som følge av at augelinsa berørast under operasjonen eller ved at ICLen ligg heilt inn til di eiga linse. Det er og rapportert utvikling av grå stær etter fleire månader /år, muligens på grunn av at tilstedeværelsen av den intraokulære kontaktlinsa har endra dei ernæringsmessige forhold rundt eiga linse. Dette problemet er antakelig løyst med dagens 4. generasjons linse der avstand mellom eiga linse og implantert kontaktlinse er større enn ved tidligare modellar. Skulle det likevel skje at ein grå stær utviklast som følge av operasjonen kan den opererast som ved ein vanleg grå stæroperasjon – sjå seinare.
Synsforstyrrelser som lysbrytningar rundt lys kilder (haloer) samt plagsomme refleksar (glare) er rapportert – desse fenomen er mindre uttalt enn ved excimerlaserbehandling for same grad av brytningsfeil. Din pupillestørrelse i mørklagt rom avgjer om dette kan bli eit problem og må vurderast i den totale risiko vurdering.
Hvis kontaktlinsa si diameter ikkje er nøyaktig tilpassa augets indre diameter (målingar blir tatt ved forundersøkelsen) kan linsa bli liggande i ein uønska posisjon. Vanlegvis betyr dette ikkje noko for synet – eventuelt kan linsa fjernast og byttast med ein mindre/større modell.
For å beskytte augets hornhinne og eiga linse under operasjonen benyttast eit gelélignande stoff som fjernast ved operasjonens avslutning. Hvis mykje av dette materialet blir liggande kan ein oppleve forbigåande trykk stigning i auget. Du vil bli kontrollert ca 1/2 – 1 time etter operasjonen samt neste dag for å sørge for at alt er i orden. Denne type trykkstigning er noko heilt anna enn den akutte grønne stæren som er nevnt ovanfor.
Er det noko forbehandling før ein ICL operasjon?
Som nevnt er det ein liten risiko for å utvikle akutt grønn stær med denne operasjonsteknikk. For å unngå dette utførast det rutinemessig ein YAG-laser behandling der ein lagar 2 små hol i regnbuehinna (laser iridotomi). Dette gjeld kun ved langsynte og vert utført ca 1 mnd før sjølve operasjonen.
Nokre nærsynte har netthinneforandringar som kan disponere for seinare netthinneavløsning. Ved forundersøkinga vil vi vurdere om det er behov for å behandle denne type forandring før ein eventuell operasjon. Denne vurdering er ingen garanti for at ein unngår seinare problem med netthinna.
Tar det lang tid før synet stabiliserar seg etter operasjonen?
Vår kirurg sin erfaring er at synet er relativt stabilt 1 veke etter operasjonen.
Kan ein bytte linse hvis den fyrste ikkje passar?
Teknisk er dette fullt muleg, men hvis det gjenstår ein brytningsfeil vil vi heller anbefale denne korrigert på annan måte, f.eks ved at ein foretar ein Excimer laserbehandling.
Kor lenge kan ei ICL ligge inne i auget?
Vi antar at desse linsene kan ligge i auget i mange tiår, kanskje heile livet utan optisk kvalitets- endring.
Kva skjer hvis eg seinare får ein vanleg grå stær?
Hvis di eiga linse seinare utviklar ein vanleg grå stær som krev operativ behandling fjerner ein fyrst ICL´en uproblematisk og opererer deretter for grå stær på vanleg måte.
Nærsynte pasienter har ein tendens til å utvikle grå stær litt tidligare enn befolkninga generelt.
Framtida?
Vår kirurg si erfaring med denne type kirurgi er meget gode. Internasjonale trender tilseier at det blir lagt inn fleire og fleire ICL.