Alderslangsyn – eller presbyopi

Det er den naturlege linsa i auget som gjer akkomodasjone i auget, dvs prosessen med å skifte fokus frå nær til fjærn. Den naturlege linsa består av ei fleksibel mjuk masse og vert kontrollert av aktiviteten til veldig små musklar i auget.   Alderslangsyn –eller presbyopi – er karakaterisert ved ei gradvis avtaking i fleksibilietet av linsa i progresjon med alderen. Evna til å akkomodere vert reusert når vi vert eldre.

At linsa stivnar med åra resulterar i alderslangsyn. Kvardagsaktivitetar-som å lese eller jobbe med PC- vil verte meir og meir strevsamt for augene. Det vil ofte verte nødvendig å halde avisa eller boka lenger og lenger vekk for å sjå klart nok til å lese. Av og til vil dette også resultere i spenningshovudverk i tinningane, og over augene. Ein vil gjerne føle at det går ut over livskvaliteten. Mange vil no for fyrste gong måtte ta i bruk briller for å lese eller bruke PC. For mange vil brillene vere til hinder, spesielt for aktive mennesker, men og for dei som må senke og heve blikket ofte medan dei jobbar. Svært mange slit med å tilpasse seg bruk av progressive briller. I slike tilfeller vil RLE-behandling vere eit godt alternativ- med eit svært godt og varig resultat.

RLE -Refractive lens exchange

Moderne linsekirurgi gjer det mogleg å korrigere alderslangsyn gjennom ein enkel rutineoperasjon. Ved implantasjon av multifokale linser kan optimal korreksjon av alderslangsyn nåast. Pasienten vert i dei fleste tilfeller brillefri, med skarpt syn på nær og på avstand.

Under operasjonen blir den naturlege linsa i auget bytta ut med ei kunstig linse – akkurat som ved grå stær-kirurgi. Med moderne instrument vert operasjonen utført gjennom eit snitt på 1.8 mm. Den naturlige linsa blir delt opp med ultralyd og fjernast. Ei ny kunstig linse injiserast gjennom det same snittet. Det mikroskopiske snittet vert tett lukka umiddelbart etter operasjonen utan større påvirkning av hornhinna.

Operasjonen er smertefri og krev kun lokalbedøving i form av augedropar. Du vil måtte bruke augedropar dei fyrste vekene etter operasjon. Vi vil gjerne ha deg inn til etterkotroll etter 1 dag, 1 veke og 1 månad. Dette for at vi vil vere sikre på at alt fungerar som det skal.

Vi nyttar alle typane premium multifokale linser og har lengst erfaring i Norge på trifokale linser. Ei multifokal linse er designa slik at du ser godt på både nær og lang avstand. Du kan utan problem sjå på tv, køyre bil og lese SMS utan briller etter å ha fått multifokale linser.  Oppbygginga av linsa kan gjere til at du den fyrste tida vil oppleve ringar rundt lyskilder, men  dette er forbigåande. Kva type operasjon og val av linse til deg gjer  vi etter at du har vore inn til forundersøking hos oss.

Klikk her for å tipse en venn om denne sida.

Tips en venn

200
Skjul tips en venn.